Commons:E-postmalar

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to: navigation, search

Shortcut: COM:ET

العربية | беларуская (тарашкевіца)‎ | català | dansk | Deutsch | Ελληνικά | English | Esperanto | español | فارسی | suomi | français | galego | magyar | italiano | 日本語 | 한국어 | македонски | Nederlands | norsk bokmål | norsk nynorsk | occitan | polski | português | русский | slovenčina | svenska | Tiếng Việt | 中文(繁體)‎ | 中文(简体)‎ | +/−

Dette er ei samling e-postmalar som kan brukast i ulike situasjonar. Du kan sjølvsagt endre desse malene, slik at dei vert tilpassa situasjonen du treng dei til. Ver venleg og kopiér tillatingane du mottek til den passande diskusjonssida. I tillegg må du vidaresende ein kopi av e-posten med tillatinga til permissions-commons@wikimedia.org, Det sentrale akivet til Wikimedia Foundation for tillatingar.

Generell samtykkeerklæring[edit]

På grunn av det store talet på fleirtydige svar på førespurnader om tillatingar til ombruk av bilete («eg godtek at Wikipedia brukar bileta mine» o.l.) er det tilrådd å legge ved ei generell samtykkeerklæring i e-posten du sender når du ber om tillating. Denne kan opphavsrettsinnhavaren setje namnet sitt under når han svarar på e-posten.

Eg stadfestar med dette at eg er opphavsmannen og/eller den eksklusive opphavsrettshavaren til NAMNET PÅ VERKET [set inn hyperlenke her].

Eg godtek at dette verket vert offentleggjort under den frie lisensen LISENSNAMN [vel minst éin lisens frå http://commons.wikimedia.org/wiki/Commons:Lisensmalar].

Eg veit med dette at jeg gjev einkvar retten til å bruke dette verket i eit kommersielt produkt, og til å modifisere det etter trong.

Eg er klar over at eg alltid held fram med å ha opphavsretten til verket mitt, og framleis har retten til å verte kreditert i samsvar med den valde lisensen. Modifikasjoner gjort av andre vil ikke verte kreditert meg.

Eg er klar over at den frie lisensen berre omhandler opphavsretten, jeg har framleis moglegheit til å reagere mot ein som brukar dette verket på ein slik måte at bruken bryt med andre lover og reglar, som til dømes vern av varemerke og injurielovgjeving.

Eg veit at jeg ikkje kan trekke tilbake denne avtalen, og at verket kanskje og kanskje ikkje vert permanent lagra i eit Wikimediaprosjekt.

DATO, NAMNET PÅ OPPHAVSRETTSINNEHAVAREN