Commons:Fyrste steg/Opplastingssida

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search
Første steg/Opplastingssida på andre språk:

العربية | Alemannisch | asturianu | català | čeština | Deutsch | English | español | فارسی | français | galego | italiano | 日本語 | ភាសាខ្មែរ | 한국어 | magyar | македонски | Mirandés | Nederlands | norsk bokmål | norsk nynorsk | occitan | polski | português | română | русский | slovenčina | shqip | suomi | svenska | Türkçe | 中文(简体) | 中文(繁體) | +/−

Fyrste kontakt
Tips og triks
Eksterne brukarar
Korleis laste opp ei fil
Lenkja «Upload file» i menyen «participate»

No som du er logga inn, kan du laste opp filer. I menyen «participate» til venstre, over søkjeboksen, finst lenkja «Upload file».

Dersom du klikkar på denne lenkja kjem du til sida Special:Upload. Denne sida inneheld instruksjonar om kva slags materiale som kan vere på Wikimedia Commons, og om krava (lisensane) desse kan ha. Dette er viktig lesing, sidan opplasta materiale som bryt med dette vil verte sletta uten varsel. Kort oppsummert er dei grunnleggjande krava at alt materiale på Wikimedia Commons skal kunne brukast av alle (også kommersielt) samt kunne modifiserast, utan at opphavspersonen kan motsette seg dette. Dersom du er i tvil om biletet du vil laste opp fell innanfor desse råmene er det berre å spørje på Commons talk:Licensing (engelskspråkleg) før du lastar det opp. I hovudsak vil materiale som er lisensiert under såkalla «copyleft»-lisensar som GFDL (GNU Free Documentation License) vere brukbart, men dette bør heller sjekkast opp før opplastinga enn etter.

Under teksten er opplastingsskjemaet. For å velje ei fil som er lagra på datamaskina din, klikk på «Browse»-knappen til høgre for tekstfeltet merka «Source filename». Eit vindauge for val av fil vil no kome opp. Når du har valt ei fil og trykt på «Ok» vil stien til fila visast i tekstfeltet. I utgangspunktet vil det same filnamnet brukast på fila du vil laste opp som det fila heiter på datamaskina di. Dersom dette er eit filnamn som ikkje seier nokon ting, t.d. ei kryptisk nemning som «DSC123456.jpg» (mange digitalkamera gjev bilete med namn som dette), kan du skrive inn eit nytt filnamn i feltet merka «Destination filename». Kryptiske filnamn gjer bileta vanskelegare å finne for andre, difor bør filnamn på materiale i Wikimedia Commons alltid vere skildrande. Ein kan ikkje endre filnamn etter opplastinga, så det er viktig å gjere det rett frå starten av.

Opplastingsskjemaet

Lenger nede er det eit felt som er merka «Summary». Dette feltet er viktig, sidan eit bilete utan ein skildring er omtrent like nyttig som ikkje noko bilete. Skildre bildet: kva er biletet av? Kvar og kor tid er det frå? Kven tok det? Kva slags kamera brukte du?

Det er òg viktig å merke seg fylgjande:

  • Dersom du skapte fila, skriv det eksplisitt
  • Kopierte du fila frå ein anna nettstad må du oppgje adressa (URL-en)
  • Kopierte du fila frå frå eit anna Wikimedia-prosjekt må du skrive kva prosjekt det kom frå (t.d. «fransk Wikipedia»), (brukar)namnet på personen(ane) som skapte fila samt den opprinnelege tittelen
  • Dersom du lastar opp ein endra versjon av ei allereie eksisterande fil er det viktig å spesifisere kva endringar du har gjort, gjerne så detaljert som mogleg
  • Legg fila inn i eit galleri eller i ein kategori. Ein kjekk, standarisert måte å skildre fila på kan du lese om lenger ut i denne rettleiinga.

Merk:

  • For nye brukarar er det ein firedagarsperiode der ein ikkje har lov til å overskrive bilete (det er uansett ikkje vanleg å overskrive andre sine bilete)
  • Les neste side, Fyrste steg/Val av lisens, før du byrjar å laste opp. Denne er heilt nødvendig å lese for nybyrjarar for å laste opp på rett måte.

Vidare lesing[edit]

Sider på Wikimedia Commons:

Sider i MediaWiki-manualen: