Commons:Kontakt oss (nn)
| Kontaktsida på andre språk:
Alemannisch | বাংলা | català | Deutsch | English | español | suomi | français | italiano | magyar | 日本語 | 한국어 | Kurdî | македонски | norsk bokmål | norsk nynorsk | occitan | slovenčina | Bahasa Indonesia | polski | português | 中文(简体) | 中文(繁體) | +/− |
Av ulike grunnar kan det hende du vil kontakte folk på Wikimedia Commons. Ver venleg og hugs at desse kontaktane alle er frivillege. For offisiell kontakt, sjå Commons:General disclaimer.
Generelt
Den mest lesne diskusjonssida på engelsk er Commons:Village pump. Den norske utgåva av denne finst på Commons:Tinget. Dersom det er eit generelt spørsmål du vil ha svar på, still det der.
Spørsmål ved bruk av Commons
- Spørsmål rundt bruken av Wikimedia Commons bør stillast på Commons:Help desk. Vanlegvis er det folk som kan svare på spørsmåla dine.
- Nokre brukar IRC-kanalen #wikimedia-commons på irc.freenode.net eller andre Wikimediaprosjekt-kanalar, der du kan stille spørsmål.
- Dersom du ikkje likar desse måtane, kan du òg sende ein e-post til info-no@wikimedia.org, der erfarne brukarar les og svarar på meldingane dine – moglegheita for eit raskt svar er likevel noko lågare. Dette er adressen du bør bruke dersom beskjeden din må vere diskret eller privat. Andre kontaktmåtar er offentlege. Sidan det kun er nokre få menneske med tilgang til disse meldingane, ikkje send e-postar for småting eller problem som lett kan fiksast andre stader.
- Eit godt utgangspunkt for meir komplekse spørsmål og generelle diskusjonar om ulike Wikimedia-prosjekt er e-postlistene.
Innhald og opphavsrett
- For formelle tilbakemeldingar – som t.d. spørsmål om innhald, kritikk eller framlegg – har kvar side på Commons ei diskusjonsside. Du kan kome deg til henne ved å bruke «talk»-lenkja øvst på kvar side.
- For å få rask hjelp med opphavsrettslege problem, kan du sende ein e-post til frivillege på prosjektet: info-no@wikimedia.org. Ver venleg og gje opp:
- Nøyaktig kva førespurnaden gjeld.
- Sida/sidene eller biletet/bileta det gjeld.
- Ver venleg og merk at dette er ein uformell, men likevel direkte og diskret kontaktmåte ved juridiske saker; for offisiell kontakt, sjå Commons:General disclaimer.
Kontakte enkeltpersonar
Kvar registrert brukar av Wikimedia Commons har ei eiga diskusjonsside der du kan sende ei melding. Dersom brukaren har gjeve opp ei e-postadresse, kan du også bruke funksjonen «E-post til denne brukaren» på sida til brukaren, når at du er logga inn.
Tekniske problem
Prosessen for rapportering av problem i programvaren vert skildra detaljert på Bugzilla – det er likevel tilrådd å spørje på Commons:Help desk fyrst, så ikkje problem vert rapporterte fleire gonger. Dette sikrar også at det er eit ekte problem og ikkje ei misforståing frå di side. Viktige tekniske problem kan rapporterast på engelsk via e-post til noc@wikimedia.org. E-postar om brukarstøtte som vert sende til denne e-posten vert ikkje svart på.
Presse og andre førespurnader
- For pressesaker, sjå pressesida.
- Utgjevaren til Wikimedia Commons er Wikimedia Foundation; sjå Commons:General disclaimer.