Commons:Velkomen

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to: navigation, search
Velkomstsida på andre språk:

Alemannisch | aragonés | العربية | অসমীয়া | asturianu | Boarisch | беларуская (тарашкевіца)‎ | Bahasa Banjar | български | বাংলা | català | Cymraeg | dansk | Deutsch | Ελληνικά | English | Esperanto | español | euskara | فارسی | français | galego | עברית | hrvatski | magyar | interlingua | Bahasa Indonesia | íslenska | italiano | 日本語 | 한국어 | Lëtzebuergesch | македонски | മലയാളം | олык марий | Plattdüütsch | नेपाली | Nederlands | norsk nynorsk | norsk bokmål | occitan | ਪੰਜਾਬੀ | polski | português | русский | සිංහල | slovenčina  | slovenščina  | српски / srpski  | Basa Sunda  | suomi  | svenska  | Türkçe  | ئۇيغۇرچە / Uyghurche  | татарча/tatarça  | Tiếng Việt  | 粵語 | 中文(简体)‎ | 中文(繁體)‎ | Bân-lâm-gú | +/−

Kva er Wikimedia Commons?

Wikimedia Commons er ein database med 23,616,795 mediefiler, oppretta og vedlikeheldt av frivillige brukarar, ikkje betalte kustnarar. Namnet «Wikimedia Commons» er henta frå paraplyorganisasjonen Wikimedia som administrerer alle Wikimedia-prosjekta og frå substantivet commons, i tydinga «for alle» eller «felles», fordi innhaldet er delt av fleire språkutgåver og ulike Wikimedia-prosjekt. På denne måten fungerer Commons som eit sentralt magasin for frie fotografi, diagram, animasjonar, musikkfiler, videoklipp og mediefiler av alle former som er nyttige for kva som helst slags Wikimedia-prosjekt.

Wikimedia Commons brukar den same wiki-teknologien som Wikipedia og kan difor lett redigerast/endrast utan avanserte tekniske kunnskapar direkte i nettlesaren. I motsetnad til mediefiler som lastast opp på dei andre prosjekta, kan filer som vert lasta opp på Commons setjast inn i sider på alle Wikimedia-prosjekta utan behov for ytterlegare opplasting.

Wikimedia Commons vart lansert 7. september 2004 og passerte milepælen med 100 000 opplasta mediefiler 24. mai 2005. Databasen inneheld no 23,616,795 filer og 117,898 samlingar. Meir bakgrunnsinformasjon om Wikimedia Commons finst under Generelle atterhald, Wikipedia-artikkelen om Commons og sida på Meta-wiki.

Til skilnad frå tradisjonelle mediesamlingar er Wikimedia Commons fritt. Alle kan kopiere, bruke og modifisere alle filene her heilt fritt så lenge kjelda og skaparen vert kreditert og så lenge du frigjev dine kopiar/modifikasjonar til andre like fritt. Commons-databasen sjølv og teksten den inneheld er lisensiert under GNU fri dokumentasjonslisens. Lisensvilkåra for kvar enkelt mediefil finst på skildringssida. Meir informasjon om bruksvilkår …

Delta

Du betrar Wikimedia Commons mest dersom du bidreg med det du kan best:

Bidra med dine arbeid

Dersom du er ein dyktig fotograf, ikkje nøl med å bidra med dei verdifulle bileta dine. Dersom du er ein dyktig teiknar, sjekk kva diagrammer og animasjonar som er etterspurde. Dersom du er ein dyktig musikar eller film-/teaterkunstnar, ikkje nøl med å publisere framføringane dine av frie stykke her.

Bidra med det du kan best

Du treng ikkje å laste opp dine eigne filer. Det er nok av anna viktig arbeid å utføre òg:

Bidra med tida di

Du treng verken vere kunstnar eller god til å skrive hjelpesider. Dersom du likar å skape orden frå kaos, så treng vi di hjelp!

Registrer deg

For å kunne laste opp filer på Wikimedia Commons, må ein vere logga inn. Du kan registrere deg ved å klikke på Log in/create account i øvre høgre hjørne og opprette eit brukarnamn som vil verte brukt på alle opplastingane og redigeringane dine på bilete og tekst. Du treng imidlertid ikkje å vere logga inn dersom du berre ynskjer å endre sider (sjølv om det er anbefalt).

Dei fyrste stega

introduksjonen vår og svara våre på ofte stilte spørsmål vil hjelpe deg etter registreringa. Dei forklarer korleis du innstiller brukargrensesnittet (til dømes språket), korleis du lastar opp filer og den grunnleggjande lisensieringspolitikken vår. Du treng ikkje tekniske kunnskapar for å bidra her. Ver uredd og legg til grunn at andre brukarar har gode hensikter. Dette er ein wiki – det er veldig lett.

Meir informasjon er tilgjengeleg på brukarportalen. Du kan stille spørsmål på Tinget eller på IRC-kanalen #wikimedia-commons.

Filer på Wikimedia Commons er organiserte i kategoriar og galleri. Ei oversikt over kategoriane vi brukar er tilgjengeleg på hovudsida.

Vidare tenester og programvare

Dersom du framleis fryktar at det er for komplisert eller du ynskjer å laste opp større mengder av arbeidet ditt, kan du bruke filopplastingstenesta for å la andre brukarar laste opp filene for deg. Dersom du vil laste opp eit større antall filer sjølv, er programmet Commonist nyttig. Dersom du treng informasjon om verktøy til å sjå eller endre innhaldet, sjå programvaresida.

Vi håpar du vil finne deg til rette og ha det kjekt på Wikimedia Commons.