Commons:Wiki Loves Monuments 2019 i Noreg

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to navigation Jump to search
This page is a translated version of a page Commons:Wiki Loves Monuments 2019 in Norway and the translation is 100% complete. Changes to the translation template, respectively the source language can be submitted through Commons:Wiki Loves Monuments 2019 in Norway and have to be approved by a translation administrator.

Wiki Loves Monuments Noreg
september 2019

OOjs UI icon menu-invert.svg
Other languages:
Deutsch • ‎English • ‎davvisámegiella • ‎français • ‎norsk bokmål • ‎norsk nynorsk
Delta
Hovuddelen av Wiki Loves Monuments er fotokonkurransen. Fotografi av registrerte kulturminne i Noreg må bli lasta opp til Wikimedia Commons i løpet av september for å delta. Fotografia kan vere tekne når som helst, men berre fotografi som vert lasta opp i september blir vurderte. Vinnarane vert kunngjorde 31. oktober 2019.
OOjs UI icon map-ltr.svgSteg 1. Finn kulturminne å fotografera
Du kan finne kulturminne i nærleiken ved å nytta kartet på Kulturminnesøk eller dei relevante listene på Wikipedia på bokmål. Merk deg kulturminne-ID-en.
OOjs UI icon camera.svgSteg 2. Fotografer kulturminnet
OOjs UI icon upload-ltr.svgSteg 3. Last opp bileta dine
Last opp bileta du har teke til Wikimedia Commons i løpet av september ved å nytta knappen nedanfor. Hugs å leggja til kulturminne-ID-en frå steg 1 i opplastingsskjemaet.


Skrivekonkurranse
Som i tidlegare år arrangerer Wikimedia Noreg òg ein skrivekonkurranse i løpet av fotokonkurransen. I september vil månadens konkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk handle om kulturminne i Noreg. For å delta må du registrera deg på konkurransesida.


Nytt
Flagget til samefolket
Samisk kategori
I 2019 innfører vi ein kategori med eigne premiar for samiske kulturminne i den norske delen av Wiki Loves Monuments. Fotografi av samiske kulturminne er automatisk òg med i hovuddelen av konkurransen. Viss eit bilete du har teke er av eit samisk kulturmine, berre vel «Ja» i det nedste valet på opplastingssida.
Di verre merkar ikkje Kulturminnesøk samiske kulturminne på ein konsistent måte. For å finna ut om eit kulturminne er samisk, les skildringa til kulturminnet i databasen. Viss du trur at eit kulturminne er samisk men ikkje er sikker, kan du merka det som samisk på opplastingssida, så vil arrangørane i Wiki Loves Monuments Noreg hjelpa deg med å finna ut om det skal gjelda eller ikkje.


Om konkurransen
Wiki Loves Monuments vart arrangert for fyrste gong i Nederland i 2010. I 2011 blei konkurransen utvida til ei rekkje europeiske land, og i 2012 blei han global med 35 deltakarland frå heile verda. Wikimedia Noreg arrangerer no den norske delen av konkurransen for niande gong, og har gjort det kvart år sidan 2011.
Eit oversyn over alle gyldige kulturminne til fotokonkurransen kan finnast på Kulturminnesøk frå Riksantikvaren, som òg har eit kartverktøy for å finne kulturminne i nærleiken. Fleire ressursar kan finnast på kulturminnesida.


Vinnarbileta frå 2018