Commons:Fyrste steg/Konto

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to: navigation, search
Fyrste steg
Fyrste kontakt
  • Lag brukarkonto
Opplasting
Tips og triks
Eksterne brukarar
Fyrste steg/Konto på andre språk:

Alemannisch | العربية | asturianu | català | čeština | Deutsch | Ελληνικά | English | español | français | galego | magyar | italiano | 日本語 | ភាសាខ្មែរ | 한국어 | македонски | Nederlands | norsk nynorsk | norsk bokmål | occitan | polski | português | русский | slovenščina | shqip | suomi | svenska| Türkçe | Tiếng Việt | 中文(简体)‎ | 中文(繁體)‎ | +/−

Korleis opprette og endre ein brukarkonto på Wikimedia Commons

Registrer ein brukarkonto[edit]

Lenkja «Login/create account» er i øvre høgre hjørne

For å kunne laste opp filer må du ha ein brukarkonto på Wikimedia Commons, og du må vere logga inn. Det tar berre nokre sekund å lage ein brukarkonto. Du kan registrere deg ved å trykkje på lenkja «Log in/create account» i øvre høgre hjørne.

Innloggingsskjemaet. Lenkja med den raude ringen rundt fører til skjemaet for oppretting av brukarkonti

No kjem du til innloggingsskjemaet. Her er det ei lenkje i feit skrift, «Create an account». Har du allereie ein konto kan du logge inn her. Merk at ein brukerkonto på t.d. Wikipedia ikkje gjeld her, du må registrere deg på nytt.

Skjema for oppretting av ein brukarkonto

Dersom du trykte på lenkja «Create an account» som vart nemnd ovanfor kom du til skjemaet for oppretting av ein brukarkonto. Fyrst må du velje eit brukarnamn og eit passord. Dette brukarnamnet vil verte brukt til både opplastingane dine og til endringane dine på bilete og tekst. Du må òg skrive inn bokstavane i biletet som kjem opp i tekstfeltet under. Dette er diverre nødvendig å hindre masseoppretting av konti frå spammarar. Dersom du på grunn av funksjonshemming ikkje kan lese lese teksten men vil laste opp lydfiler, kan du ta kontakt med ein administrator på Commons:Tinget.

Du kan òg oppgje ei e-postadresse. Dette er ikke påkravd, men om du gjer dette kan andre brukarar sende deg private meldingar via «send email to user»-funksjonen. E-postadressa di vil aldri verte utlevert til andre, ikkje ein gong om du sender e-post til andre brukarar eller får tilsendt e-post frå andre brukarar. Hvis du vel å skrive inn ei e-postadresse vil du måtte bekrefte ho på eit seinare tidspunkt.

Endre innstillingane dine[edit]

Brukarfaner etter innlogging. Pila peikar på fana «preferences» (innstillinger)

Etter at du er logga inn kan du gjere endringar i grensesnittet — du kan til dømes forandre språkinnstillingane dine. Du vil òg sjå eit brukarnamn og andre nye faner i øvste høgre hjørne.

Nedtrekkslista med tilgjengelege språk

Om du ynskjer å endre innstillingane, klikk på «preferences»-fana. Det finst ein lang rekkje ting du kan endre på. Du kan starte med å velje det språket du føretrekk frå nedtrekkslista.

Ikkje gløym å lagre!

Ikkje gløym å lagre endringane dine ved å trykkje på knappen merka «Save». Om endringane dine ikkje vart som du forventa kan du velje standardinnstillingane ved å trykke på knappen merka «Reset»

Vidare lesing[edit]

MediaWikis manualsider (på engelsk):