Commons:Velkomen

From Wikimedia Commons, the free media repository
Jump to: navigation, search
Velkomstsida på andre språk:

Alemannisch | aragonés | العربية | অসমীয়া | asturianu | Boarisch | беларуская (тарашкевіца)‎ | Bahasa Banjar | български | বাংলা | català | Cymraeg | dansk | Deutsch | Ελληνικά | English | Esperanto | español | euskara | فارسی | français | galego | עברית | hrvatski | magyar | interlingua | Bahasa Indonesia | íslenska | italiano | 日本語 | 한국어 | Lëtzebuergesch | македонски | മലയാളം | олык марий | Plattdüütsch | नेपाली | Nederlands | norsk nynorsk | norsk | occitan | ਪੰਜਾਬੀ | polski | português | русский | සිංහල | slovenčina  | slovenščina  | српски  | srpski  | Basa Sunda  | suomi  | svenska  | Türkçe  | ئۇيغۇرچە / Uyghurche  | українська | тоҷикӣ  | татарча/tatarça  | Tiếng Việt  | 粵語 | 中文(简体)‎ | 中文(繁體)‎ | Bân-lâm-gú | +/−

Kva er Wikimedia Commons?

Wikimedia Commons er ein database med 42,761,819 mediefiler. Databasen er oppretta av og blir røkta av frivillige brukarar, og ikkje av lønna arkivarar. Namnet «Wikimedia Commons» er satt saman av navnet til paraplyorganisasjonen Wikimedia som administrerer alle Wikimedia-prosjekta, og ordet commons, som tydar «(ein plass) for alle» eller «felles (-område)». Dette namnet vart valt fordi innhaldet i databasen er delt av fleire språkutgåver og ulike Wikimedia-prosjekt. På denne måten fungerar Commons som eit sentralt magasin for frie fotografi, diagram, animasjonar, musikkfiler, videoklipp og mediefiler av alle slag som er nyttige for eit eller fleire Wikimedia-prosjekt.

Wikimedia Commons brukar den same wiki-teknologien som Wikipedia. Innhaldet i databasen kan difor lett redigerast/endrast direkte i nettlesaren. Du treng ikkje avanserte tekniske kunnskapar for å gjere slike redigeringer. Når du lastar opp filer på Commons, kan filene setjast inn i sider på alle Wikimedia-prosjekta, utan at du treng å laste opp den aktuelle fila der også. Slik skil mediefiler på Commons seg frå mediefiler som vert lasta opp på dei andre prosjekta.

Wikimedia Commons vart lansert 7. september 2004. Den 24. mai 2005 hadde databasen 100 000 opplasta mediefiler. Databasen inneheld no 42,761,819 filer og 43,005,115 samlingar. Du kan finne meir bakgrunnsinformasjon om Wikimedia Commons på Generelle atterhald, Wikipedia-artikkelen om Commons og sida på Meta-wiki.

Til skilnad frå tradisjonelle mediesamlingar er Wikimedia Commons fritt. Det tyder at du kan kopiere, bruke og modifisere alle filene i denne databasen utan restriksjonar, så lenge du navngir kjelda og skaparen dersom skaparen har satt krav om det, og så lenge du frigjev dine kopiar/modifikasjonar til andre like fritt. Ver likevel oppmerksom på at nasjonale lover, til dømes om opphavsrett til kunstverk, kan sette grenser for dette. Sjølve Commons-databasen og tekstane den inneheld er lisensiert under GNU fri dokumentasjonslisens. Lisensvilkåra for kvar enkelt mediefil finst på skildringssida. Meir informasjon om bruksvilkår …

Delta

Du betrar Wikimedia Commons mest dersom du bidreg med det du kan best:

Bidra med dine arbeid

Dersom du er ein dyktig fotograf, ikkje nøl med å bidra med dei verdifulle bileta dine. Dersom du er ein dyktig teiknar, sjekk kva diagrammer og animasjonar som er etterspurde. Dersom du er ein dyktig musikar eller film-/teaterkunstnar, ikkje nøl med å publisere framføringane dine av frie stykke her.

Bidra med det du kan best

Du treng ikkje å laste opp dine eigne filer. Det er nok av anna viktig arbeid å utføre òg:

Bidra med tida di

Du treng verken vere kunstnar eller god til å skrive hjelpesider. Dersom du likar å skape orden frå kaos, så treng vi di hjelp!

Registrer deg

For å kunne laste opp filer på Wikimedia Commons, må ein vere logga inn. Du kan registrere deg ved å klikke på Log in/create account i øvre høgre hjørne og opprette eit brukarnamn som vil verte brukt på alle opplastingane og redigeringane dine på bilete og tekst. Du treng imidlertid ikkje å vere logga inn dersom du berre ynskjer å endre sider (sjølv om det er anbefalt).

Dei fyrste stega

introduksjonen vår og svara våre på ofte stilte spørsmål vil hjelpe deg etter registreringa. Dei forklarer korleis du innstiller brukargrensesnittet (til dømes språket), korleis du lastar opp filer og den grunnleggjande lisensieringspolitikken vår. Du treng ikkje tekniske kunnskapar for å bidra her. Ver uredd og legg til grunn at andre brukarar har gode hensikter. Dette er ein wiki – det er veldig lett.

Meir informasjon er tilgjengeleg på brukarportalen. Du kan stille spørsmål på Tinget eller på IRC-kanalen #wikimedia-commons.

Filer på Wikimedia Commons er organiserte i kategoriar og galleri. Ei oversikt over kategoriane vi brukar er tilgjengeleg på hovudsida.

Vidare tenester og programvare

Dersom du framleis fryktar at det er for komplisert eller du ynskjer å laste opp større mengder av arbeidet ditt, kan du bruke filopplastingstenesta for å la andre brukarar laste opp filene for deg. Dersom du vil laste opp eit større antall filer sjølv, er programmet Commonist nyttig. Dersom du treng informasjon om verktøy til å sjå eller endre innhaldet, sjå programvaresida.

Vi håpar du vil finne deg til rette og ha det kjekt på Wikimedia Commons.